Slutt på snørr og spytt i Kina
Dette må du leggje att heime, kjære deg. (Foto: urbandictionary.com)
Berre for å ha sagt det: Sit du nett no og et maten din, eller du toler lite av ekle, gørrete saker, så bør du kanskje ikkje lese vidare.
Anti snørr
Beijing har sett i gong ei kampanje som skal gjere byen reinare og gje innbyggjarane høgare estetisk standard fram mot sommar-OL i 2008. Korleis? Ved å handheva lova mot offentleg spytting mykje hardare.
Det har seg nemleg sånn at kinesarar ikkje sjenerer seg særleg for å spytte på gata eller blåse snørra si ned på asfalten.
Griseri i restauranten
Faktisk er det ikkje uvanleg å finne denne kleisne gørra på restaurantgolv og t-baneperrongar heller. Men no skal det bli verre å halde fram med slike uvanar. Dette er det styresmaktene vil gjere:
Med oransje uniform og spyttevesker skal frivillige halde Beijing reint. (Foto: prisoncellonline.com)
• Publikum vert gjennom avis-, tv-, internet- og mobil-kampanjar oppfordra til å spytte eller snyte seg i lommetørklede eller små vesker i staden for på fortauet og golvet. Papiret eller veskene skal hivast i søppeldunkar.
• I tilfelle ein ikkje har lommetørkle i lomma, vil det vere frivillige vakter som er ute på gatene for å dele ut «spytte-vesker» til trengjande kinesarar og turistar. Vaktene kan kjennast att på dei oransje uniformene som ber det gule teiknet for «slim» på ryggen.
• For sikkerheits skuld vert det og sett opp overvakingskamera hist og pist. Me er trass alt i Kina.
• Dei som ikkje tar dette alvorleg og held fram med å spytte på offentlege stader, kan rekne med å bli bøtelagt på staden. Ei bot er på om lag 50 kroner.
Tykkjer du spytt er ekkelt? Kva med det som naturen lagar? (Foto: vestrehus.dk)
All slags forsøpling
Zhang Huiguang i Beijing's Capital Ethics Development Office seier til BBC News at folk i Beijing no må lære seg å spytte skikkeleg.
- Samstundes vil me ta hand om to av dei andre vanene som me ikkje er så stolte av: forsøpling og at dyr gjer frå seg i gatene.
Ekstremsport?
Spytting er vel helst noko me bedriv hjå tannlegen, på vinsmakarkurs eller nokre gonger andre stader men då i skjul og med ei viss kjensle av skam. Likevel er det nokre spytt som får offentleg merksemd:
• Under ei boksignering i april 2005 fekk Jane Fonda seg ei real klyse frå ein vitenamveteran, noko som vert sett i samanhang med Fonda si lefling med Vietnamn-krigen på syttitalet.
David Beckham hevdar at ein motspelar spytta på han. (Foto. davidbeckham.com)
• David Beckham hevda at Verdys Kazuyuki Toda spytta på han under ein kamp mellom Tokyo og Real Madrid i fjor sommar.
• I februar i år vart Jan Simonsen i Demokratene spytta på under ein demonstrasjon.
• I dyreverda kjenner me og til spyttande dyr. Både kobra og lama er dyktige på å sikte og treffe med kroppsvæsker.
Me vil vel gå så langt som til å anbefala desse til anten å ta seg kraftig i saman eller å halde seg unna Kina for ei stund framover.