Våren kom litt brått på

Artikkelen fortsetter under annonsen

Me har fått to nye familiemedlemer. Dei vart fødde ute den kaldaste natta i år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei fornøgd mor dagen etter nedkomsten.Ei fornøgd mor dagen etter nedkomsten.

Handlingssenarium ein morgon ein stad på Vestlandet:

Mor og far et frukost, det er egg og kaviar og tjukke brødskiver. Ungane står og bankar på kjøkkenglaset.

«Lukk opp!», seier leppene deira, sjølv om foreldra ikkje høyrer lyden. «Lukk opp», seier auga. Det har skjedd noko viktig. I det faren lettar på glaset kjem dei opprømte røystene inn og fyller heile kjøkkenet.

- Me har fått lam! Me har fått to lam i natt!

Lam? No? Det er då alt for tidleg?

Bæ? Alt no?


- Ja, seier bonden. - Det er ein månad for tidleg. Er de sikre?

Ungane nikkar i takt.

- Det var farfar som fann dei. Dei gjekk ute med mora.

Ute? Å fy! Det er jo så kaldt.

Mor og far har tatt jakkene på seg, og huer og vantar har dei i lommen. Det er iskaldt ute. Fleire minusgrader og austavind, ein stygg kombinasjon.

Fødde den 3. mars 2006: To velskapte jenter.Fødde den 3. mars 2006: To velskapte jenter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Men lamma går så triveleg i lag med mora og ser både friske og sterke ut. For tidleg fødde? Berre etter forventa termin, desse er så store som dei bør vere. Nokon har nok lurt seg til utanomparing.

Inn i varmen


Bonden tar dei likevel med seg inn i sauehuset kor dei kan få ly for snø, vêr og vind. Der står dei i eit hjørne for seg sjølv og syg mjølk av mor si.

Ryktet har spreidd seg: Det har kome lam i Bakken. Søskenbarn og tremenningar kjem til for å sjå dei som kom så brått på oss.

- Så fine dei er, sukkar dei. - Så skjønne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Helledussen, seier mødrene (slik at ungane skjemst).

Lamma drikk og stirar tilbake. Sauemora gjer beskjed viss me kjem for nært, ho trampar i golvet og seier «ha dykk vekk». Me får ha respekt, ho er i barsel, stakkars kvinne.

Slektningar står i døra og vil inn på barselvisitt.Slektningar står i døra og vil inn på barselvisitt.

Sniksex i sauehuset


Det går bra med lamma, sjølv om det er kaldt. Neste sau skal ikkje lemme før om ein månad. Korleis skjedde då dette, eigentleg? Me veit når me let vêren kome til for å pare seg, og dette stemmer ikkje med tida.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Korleis skjedde dette? spør ungane.

Morene og farane flirer. Det er fort gjort i ein port, seier einkvan.

- I ein port? spør ungane.

Nei, ikkje akkurat det. Men me minnest jo alle at det var nokre vêrar som kom seg over gjerdet i fjor haust.

Laurdag er det tre som får stadfesta namna sine. Det er prinsen på Skaugum, han Sverre Magnus, og det er dei to lodne prinsessene i Bakken.

- Laura og Matilde, seier ungane. - Det skal dei heite.

Sau:

  • Det finst omlag 20 saueraser i Noreg. Mellom dei vanlegaste er spælsau og dalasau.

  • Ho-sauen kallast søye, og når ho går drektig, så varar det i 5 månader minus 5 dagar.

  • Mange sauer går ute heile året og fødar ungane sine ute.

  • Sauen er, i motsetnad til det mange trur, eit ganske klokt dyr.

Meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

  • Dyr er eit eige emne hjå Startsida.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving