Kamp om IT-hovuda etter fleire år med kutt

Masseoppseiingar har i mange år prega IT-bransjen. Men det er det slutt på. No jaktast det intenst på nye IT-hovud.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: hasslefreeclipart.com)(Foto: hasslefreeclipart.com)

Oslo (NTB):

- Ja, det er eit skikkeleg trykk. Det er litt skummelt. Viss det forset slik, fryktar vi at det kan bli mangel på arbeidskraft mot slutten av året eller tidleg neste år.

- Allereie no ser vi at det byrjar å bli vanskeleg å få tak i folk med visse typar spesialkompetanse, seier generalsekretær Per Morten Hoff i
bransjeorganisasjonen IKT-Norge til Aftenposten.

Etterspurnaden etter arbeidskraft er størst innan programvare, utvikling
og konsulenttenester.

IT-bransjen treng i år hundrevis av nye tilsette.

Hoff meiner tilsettingsboomen er meir edrueleg enn under dotcom-hypen. Det har ikkje vore tendensar til skyhøge lønningar, arbeidsgjevarar er meir opptekne av å skaffe dei riktige folka, og dei tilsette er meir fokuserte på innhaldet i jobben enn frynsegode, meiner han. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy