Gratis p-piller til 16-19-åringar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jenter i alderen 16 til 19 år kan frå 1. mars få dekt inntil 400 kroner i året i utgifter til p-piller.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Føremålet er å gjere tilgangen på prevensjon lettare for kvinner i denne aldersgruppa.

Bidragsordninga gjeld såkalla hormonelle prevensjonspreparat som kan rekvirerast på kvit resept, og apoteka trekk stønadsbeløpet frå ved utleveringa.

Kjøper kvinna p-piller som kostar meir enn 100 kroner for ein tremånadersperiode, må kvinna sjølv betale mellomlegget. Det tyder at dei rimelegaste prevensjonsmiddela kan utleverast gratis.

Samstundes blir lista over prevensjonsmiddel som kan rekvirerast av helsesystrer og jordmødrer utvida til å gjelde dei fleste typar hormonell prevensjon, det vil seie både p-plaster, p-ring og p-sprøyte i tillegg til p-piller, melder Helse- og omsorgsdepartementet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving