ESA kritiserer norske slakteri

Handtering av innvollar og fersk kjøt om kvarandre, elendig hygiene og manglande kjølekapasitet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: tv2nord.dk)(Foto: tv2nord.dk)

(NPK): Dette er ein del av funna i ein rapport frå EFTAs overvakingsorgan ESA om norsk kjøtproduksjon.

Rapporten som Nationen har fått tilgang til, vart nyleg oversendt Landbruks- og matdepartementet. ESA skal sjå til at Mattilsynet gjer jobben sin med å passe på at EUs lover og reglar på området blir haldne.

Totalinntrykket er godt, ifølgje rapporten, men inspeksjonsrunden på 24 stader rundt om i landet er lite lysteleg lesing, skriv Nationen.

- Her er det fleire merknader, nokre til dels alvorlege, seier avdelingsdirektør Hege Nygård Wetland i Landbruks- og matdepartementet.

Ho vil ikkje kommentere enkeltavvik, fordi det er Mattilsynets jobb å svare ESA. Mattilsynet vil først setje seg inn i saka før seksjonssjef for hygiene, Jan Kåre Johansen, vil kommentere rapporten (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy