- Ekstremveret er berre byrjinga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekstremværet i Noreg og på kontinentet denne vinteren er berre ein forsmak på framtida, viser den nye rapporten frå Verdas villmarksfond, WWF, «Stormy Europe».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: unl.edu)(Foto: unl.edu)

Fleire land i Europa har denne vinteren vore ramma av ekstrem kulde og uvanleg store snømengder, noko som har kosta samfunnet store summar.

Norge har denne vinteren opplevd ein del ekstremver, mellom anna stormen Narve og flaumen i Trøndelag.

Dersom ikkje CO2-utslippa blir sterkt redusert, vil klimaendringar føre til langt større risiko for alvorlege stormar og ekstremver vinterstid i framtida, skriv WWF i rapporten "Stormy Europe".

- For å tryggje folk og eigedom må klimautslippa reduserast drastisk, seier Jennifer Morgan, direktør for WWFs globale klimaprogram.
Rapporten tek for seg dei sju EU-landa Nederland, Frankrike, Tyskland, Polen, Spania, Italia og Storbritannia, og av desse er det sistnemnde som kjem verst ut.

På dei britiske øyane vil talet på vinterstormar auke med heile 25 prosent per år og vindstyrken auke med 8-16 prosent innan utgangen av hundreåret, skriv forskarane. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving