Glade og dvaske nettbrukarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du mykje på nettet? Det er kjekt, ikkje sant? Ei amerikansk undersøking bekreftar at vi blir lykkelege, men litt dvaske av å sitje foran skjermen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjekt og sosialt på nettet.(Ill: humorix.nu)Kjekt og sosialt på nettet.(Ill: humorix.nu)

Ei studie gjort av amerikanske

Forrester

viser at dei fleste nettbrukarar opplever at nettet gjer dei lykkelegare.

Fysikken går det litt verre med etterkvart som vi sit meir og meir foran skjermen.

Forrester gjorde undersøkingar blant amerikanarar som har vore på nett i meir enn seks år.

Kjekt og stimulerande


Dei konkluderer med at dei aller fleste opplever nettbruken sin som positivt for si intellektuelle, sosiale og psykologiske helse, men at mange og har opplevt negative fysiske effektar.

54 prosent av dei spurde meinte at nettet hadde gjort livet deira betre. Dei sa at dei hadde utvida kunnskapen sin, blitt kjende med nye menneske og stort sett blitt lykkelegare.

Søv dårleg


Dei negative følgjene av nettbruken var at folk blei meir slitne, hadde skader på hender og fingrar, at dei sov dårlegare og hadde problem med synet. Smerter i nakke og rygg var også plager folk sleit med.

24 prosent meinte at nettbruken ikkje hadde nokon spesiell effekt på liva deira, medan 22 prosent meinte at nettet hadde påvirka dei negativt.

Chatting, sjekking og andre sosiale aktivitetar på nettet får æra for mykje av dei positive tilbakemeldingane, skriv

Computerworld

.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving