Oppfordrar legar til å ta diaréprøver av barn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Folkehelseinstituttet oppfordrar landets legar til å ta prøver av barn med diaré, for å avdekkje smitte etter kjøttdeigskandalen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: content.answers.com)(Foto: content.answers.com)

Oslo (NTB): Folkehelseinstituttet trur det finst langt fleire smitta barn rundt omkring enn dei sju som er oppdaga til no. Dei er berre ikkje blitt undersøkte grundig nok, meiner Folkehelsa.

- Vi er litt overraska over at ikkje fleire er blitt alvorleg sjuke, seier overlege Hans Blystad ved Nasjonalt Folkehelseinstitutt til VG.

Instituttet sende tysdag ut skriftleg melding til alle landets legar om å ta avføringsprøver av barn som har kraftig diaré. Mellom 5 og 10 prosent av dei som får E.Coli-bakterien i seg, blir alvorleg sjuke.

Det vil seie at Folkehelsa reknar med at minst 70 barn er infiserte, og har hatt eller kjem til å få diaré som følgje av bakterien. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving