Thorvald på sokkel i Kirkenes

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til sommaren blir Thorvald Stoltenberg heidra med ei byste i Kirkenes sentrum, for innsatsen sin i Barentssamarbeidet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Thorvald Stoltenberg blir frå sommaren av alltid å sjå i Kirkenes. (Foto: archive.idea.int)Thorvald Stoltenberg blir frå sommaren av alltid å sjå i Kirkenes. (Foto: archive.idea.int)

Bysta, som blir laga av kunstnaren Odin Øystad, blir avduka under Kirkenesdagane til sommaren, med hovudpersonen til stades.

Torvald Stoltenberg er svært glad for at det blir sett så stor pris på ideen bak Barentssamarbeidet. Han er også glad for at Kirkenes vil beløne arbeidet hans med ei byste.


Bærekraftig utvikling


Barentssamarbeidet blei etablert i 1993 og skal styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og fremje bærekraftig utvikling i Barentsregionen.

- Thorvald Stoltenberg tok initiativ til Barentssamarbeidet i 1992, og det er kanskje eit av dei viktigaste utanrikspolitiske initiativ Noreg nokon gong har tatt.

Dette seier Rune Rafaelsen, leiar av Barentssekretariatet, som kom med ideen om å setje opp bysta, til avisa

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordlys

.

Fossar fram


Stoltenberg sjølv seier at det har gått litt opp og ned med samarbeidet, som har fått ein del kritikk.

- Men no fossar det fram, og det er til og med interesse for saka sør for Trondheim, ler Stoltenberg til avisa

Finnmarken

.

Han legg til at det gjer stort inntrykk på han at det no er mykje interesse i Sør-Noreg for det som skjer i nordområda.

Thorvald Stoltenberg Park


Bysta skal stå i ein hittil namnlaus park, som kanskje også får namn i same slengen. Rune Rafaelsen foreslår Thorvald Stoltenberg Park, eller Barentsparken.

Kunstnaren Odin Øystad har tidlegare blant anna laga byste av filmskaparen Knut Erik Jensen i Honningsvåg.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving