Mattilsynet åtvara mot skitne slaktedyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mattilsynet har mellom 100 og 200 gonger det siste året slått alarm om skitne slaktedyr som er blitt sende til slakting hos Gilde Hed-Opp i Otta i Oppland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: defra.gov.uk)(Foto: defra.gov.uk)

Rudshøgda (NTB): Berre i Nord-Gudbrandsdalen har Mattilsynet mellom 100 og 200 gonger det siste året sendt brev og bede aktuelle bønder skjerpe seg fordi dei har levert møkkete dyr til slakting, skriv VG.

Åtvaringane er givne etter at Mattilsynet sine kontrollørar melde frå om at møkkete dyr hadde blitt sende til slakting hos Gilde Hed-Opp i Otta. Dette anlegget leverer kjøt vidare til Gilde Hed-Opp sitt anlegg på Rudshøgda i Hedmark, der det nå pågår ei jakt på kjøtdeig med E. Coli-bakteriar.

- Om det er kjøtdeig herfrå som er smittekjelda, trur eg det er veldig sannsynleg at ein eventuell E. Coli-bakterie er avføring frå skitne slaktedyr, seier seksjonssjef Eva Rasch Arnesen.

Distriktssjef Anders Prestegarden i Mattilsynet i Nord-Gudbrandsdal forklarar at dersom ein får inn slaktedyr som er tilgrisa av møkk, er det vanskeleg å oppretthalde hygienen.

I motsetnad til i nabofylket, sender ikkje Mattilsynet sitt distriktskontor for Hedmarken brev til bøndene når det vert oppdaga skitne kyr og oksar. Rasch Arnesen meiner det er Gilde Hed-Opp sitt ansvar å sørgje for at dei slaktar reine dyr. Ho seier vidare at kontrollørane ofte ser skitne dyr kome til slakteriet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving