Meny

Uvettig køyring årsak til høge dødstal

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av dei 46 dødsulykkene som skjedde på nordnorske vegar i 2004, hadde 32 av bilistane sjølve ein stor del av ansvaret.

Dødstala i trafikken skyldast ikkje berre vegen, meiner Trygg Trafikk. (Foto: service94.de)Dødstala i trafikken skyldast ikkje berre vegen, meiner Trygg Trafikk. (Foto: service94.de)

Ofte er det rus, fart og manglande bilbelte som er årsaka til at folk døyr på norske vegar.

Trygg Trafikk vil gjerne ha ein debatt om dødsbilistane. Av dei 46 dødsulykkene som skjedde på nordnorske vegar i 2004, var det 32 ulykker kor bilistane hadde mykje av skylda.

Det dreier seg om manglande verneutstyr, høg fart, rus, og manglande førarkort. På landsbasis er det i 66 prosent av utforkjøringane rus med i bildet.

Leiaren i Trygg Trafikk Nordland, Harald Heieraas, seier til Avisa Nordland at situasjonen er svært foruroligande, og vil at folk skal få vite årsakene bak dei mange dødsulykkene på norske vegar.

Tabu å snakke om årsaka


- Eg er redd for at vi har vist ein misforstått omsorg for dei pårørande. Det er nesten tabu å snakke om at ei dødsulykke skyldast sjåføren sine handlingar.

Denne situasjonen vanskeliggjer det førebyggjande arbeidet, meiner han.

- Ofte kokar det ned til at det blir retta merksemd mot ein sving, ein veg og om det var strødd eller dårleg brøyta. Dette er svært viktig, men er berre ein del av det totale bildet, seier Heieraas.

Offentleggjer rapportane


Han ønskjer at rapportane etter dødsulykker blir offentleggjort så snart årsaka er klarlagt. Berre slik kan ein snu trenden.

Heieraas peikar på at ei trafikkbot gjerne er noko ein kan skryte av i lunchen.

- Men kor mange hadde skrytt av at dei blei tekne då dei stal ein pizza på nærbutikken?

Misforhold


Han er også oppteken av misforholdet mellom tryggleiksreglar innan fly, jernbane og biltrafikk.

- Når du går ut av flyet, står det folk der som passar på at du ikkje går under vingen fordi det er ein bitteliten fare for at flapsen kan ramle ned. Kven passar på skulebarna som går ut av ein buss? Kanskje vi burde innføre stoppeplikt for samtlege bilar som kjem mot ein buss som står i ei busslomme?

Ny plan


Måndag presenterte Statens vegvesen, Politidirektoratet og Trygg Trafikk den nye Handlingsplanen for trafikksikkerheit 2006- 2009. Målet er å halvere talet på hardt skadde og drepne i trafikken innan 2016.

Kvart år kostar trafikkulykkene samfunnet 28 milliardar kroner, og store menneskelege lidingar.

Når det gjeld påverka førerar, slår planen fast at det må arbeidast for å:

  • Betre kunnskapen om omfanget av køyring i påverka tilstand.

  • Etablere faste grenser for køyring påverka av andre stoff enn alkohol.

  • Arbeide videre med å teste ut instrument som kan brukast i politikontrollar for å avdekkje påverknad av andre berusande eller bedøvande stoff.


Kjelder:

Avisa Nordland

,

Statens Vegvesen

,

Trygg Trafikk

og

Nasjonal Handlingsplan for sikkerhet på veg



Det går framover:

  • I 1970 blei 560 personar drepne på norske vegar. I 2005 var talet gått ned til 230 personar, nesten halvparten, endå trafikken har blitt tredobla i den same perioden. (Kjelde: Statens Vegvesen)

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus