Tidleg fødsel kan påverke kjenslelivet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ny undersøking tyder på at svært tidleg fødde kan få endringar i personlegdom og kjensleliv når dei blir eldre samanlikna med barn som er fødde til terminen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: uuhsc.utah.edu)(Foto: uuhsc.utah.edu)

(NPK): Det er forskarar ved det britiske Institute of Psychiatry som har samanlikna to grupper ungdommar i slutten av tenåra.

Ungdommane i den eine gruppa var fødde etter fullgått svangerskap, dei andre etter 33 veker eller mindre, fortel Dagens Medisin.

Dei to gruppene fylte ut eit spørjeskjema som la vekt på personlegdom og kjensleliv.

Svara tyda på at dei som var fødde altfor tidleg var mindre sjølvsikre og utovervende. Dei hadde også høgare nivå av angst og mistrivsel. Spesielt blant jentene var det ein merkbar skilnad på dei som var fødde for tidleg og kontrollgruppa. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving