Politi i Saudi-Arabia skaut og drap terrormistenkte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet i Saudi-Arabia skaut og drap fem mistenkte al-Qaida-medlemer i hovudstaden Riyadh mandag morgon, opplyser sikkerhetskjelder.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cnn.com)(Foto: cnn.com)

Riyadh (NTB-AFP-Reuters): Dei fem hadde søkt tilflukt i ein villa i ein velståande forstad til Riyadh. Lyden av automatvåpen og granatar som eksploderte kunne høyrest frå bustadområdet, etter at sikkerheitsstyrkane først hadde omringa villaen.

Ei stor mengde våpen skal ha blitt funne i villaen.

Gruppa er mistenkt i samband med forsøk på ein sjølvmordsaksjon mot eit stort oljeanlegg aust i Saudi-Arabia fredag. To sikkerheitsvakter og dei to sjølvmordsaksjonistane blei drepne i angrepet, som blei stoppa før aksjonistane klarte å detonere sprengstoffet sitt.

I ei erklæring på ein islamistisk nettstad hevdar al-Qaida at dei sto bak angrepet på oljeanlegget. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving