Vil hjartesjekke idrettsungdom

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske barnelegar og hjartelegar ønskjer at barn og ungdom frå 14 år og oppover skal sjekkast for hjarteproblem dersom dei driv med idrett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: bio.davidson.edu)(Foto: bio.davidson.edu)

(NPK): Dei siste 8-10 åra har 23 idrettsutøvarar mellom 15 og 35 år døydd av hjartefeil her i landet. Legane reknar med at 75 prosent av slike dødsfall kan hindrast dersom hjarteproblema blir oppdaga tidleg.

Det er samanslutninga av europeiske hjartelegar som rår det norske helsevesenet til å gjere slike undersøkingar.

I Italia har 33.000 idrettsutøvarar mellom 15 og 35 år vore undersøkte for hjarteproblem i ein periode på 20 år. Vel 1.000 av dei er blitt frårådd å drive idrett, melder NRK Møre og Romsdal. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving