Hjarte i fatle

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit eige sjukehus for folk med kjærleikssorg, går det an?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjærleikssorg er ikkje kult. (Foto: womanspiritrising.nu)Kjærleikssorg er ikkje kult. (Foto: womanspiritrising.nu)

Openbert gjer det det, i alle fall i Tyskland. Der skal ein no prøve med eit sjukehus kor tenåringar med kjærleikssorg kan søkje råd og støtte.

Det skal rett nok ikkje byggjast eit nytt sjukehus for dette. Schwabing Hospital i München skal derimot opprette ei eiga avdeling for folk med knuste hjarte.

Vond tid


Dr Birgit Delisle seier til nettstaden Ananova.com at det å ha kjærleikssorg kan føre med seg så mange slags plager, som t.d. manglande appetitt og vektreduksjon.

På sitt verste kan kjærleikssorg gjere at ein ønskjer å ty til drastiske metodar for å kome over smerta.

Klinikken skal vere eit gratis tilbod til tenåringar som føler at dei treng hjelp til å takle hjartesorga si.

Hjelp på nett


Me har ikkje noko sånt her til lands, så vidt eg veit. Men på det store, allvitande nettet er det sjølvsagt hjelp å få. Nettstaden eHow har ein eigen hjelpeartikkel som fortel deg korleis du skal handtere

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik kan det og seiast... (Foto: benwhite.net)Slik kan det og seiast... (Foto: benwhite.net)

kjærleikssorga dag for dag - og faktisk heilt fram til eit år etter at de gjorde det slut.

Her handlar det om å kome seg gjennom sorga med både ære og vitet i behald - noko so kan vere ein bragd i seg sjølv.

Nazareth


Viss du nå har kjærleikssorg og ikkje har høve til å reise til München og heller ikkje orkar gå i gong med eHows strategiar, kan du kanskje berre velte deg i sorga ei stund til.

Og kva er då betre enn å gjere det med tidenes ultimate klisse-grine-song - nemleg «Love Hurts» med Nazareth? Du finn han på nettet. God betring!


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving