Tynnare ozonlag gjev meir grå stær

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eksponering frå UV-stråler og alder er dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle grå stær.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kepplah.com)(Foto: kepplah.com)

(NPK): Nokre få prosent reduksjon av ozonlaget fører til tusenvis av nye tilfelle av grå stær i USA, hevdar amerikanske forskarar.

Men sjølv om holet over Noreg er i ferd med å bli mindre, er det framleis omkring 40 år før ozonlaget er på nivå med det det var på 60- og 70-talet.

- I fjor var ozonnivået omkring 40 prosent lågare enn normalen, men i år ser det ut til at situasjonen ikkje blir så ille, seier Georg Hansen. Han er leiar for Tromsø-kontoret for Institutt for Luftforskning (NILU.

Ozonlaget svingar frå år til år, og frå årstid til årstid. Det er tjukkast og om våren, og blir gradvis tynnare mot hausten då det er på sitt tynnaste.

Skilnader på 20-30 prosent er vanleg. Men slik sett er nordmenn heldigare enn folk som bur nærare ekvator, der ozonlaget er mykje tynnare.

- I meir tropiske strok er ozonmengda berre 60 prosent av det vi har her. I tillegg står sola høgare på himmelen, slik at UV-strålane har kortare veg gjennom atmosfæren, seier Hansen til Dagens Medisin. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving