Samleie betre enn onani

Artikkelen fortsetter under annonsen

No har forskarane endeleg bekrefta det mange av oss har hatt mistanke om: Samleie er betre enn onani. Fire gongar betre, for å vere presis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: stevequayle.com)(Foto: stevequayle.com)

Oslo (NTB): Eit hormon som heiter prolaktin, skal ifølgje forskning.no og New Scientist vere forklaringa på at det er meir tilfredsstillande å ha sex med ein partnar.

Kroppen produserer nemlig meir av dette hormonet etter ein orgasme og prolaktinnivået fungerer som ein indikator for graden av seksuell tilfredsstilling.

To forskarar har gjennomgått data fra tre studiar kor prolaktinnivået blei målt hos menn og kvinner som anten onanerte, eller hadde samleie i laboratoriet - inntil dei fekk orgasme.

For begge kjønn var økninga av prolaktinnivået heile 400 prosent høgare etter orgasmen frå samleiet enn etter den sjølvframkalte orgasmen.

Forskarane meiner resultata indikerer at samleiet er meir tilfredsstillande enn onani frå et fysiologisk standpunkt. Om ein skal bruke prolaktinnivået som ein indikator på seksuell tilfredsstilling, er det altså fire ganger betre å ha sex med ein partnar enn å onanere. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving