Ap-topp føreslår trim for trygd

Artikkelen fortsetter under annonsen

Staten bør betale medlemskort på treningssenter for trygda og langtidssykmeldte, føreslår stortingsrepresentant Anniken Huitfeldt (Ap).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: dna.no)(Foto: dna.no)

Oslo (NTB):

- Slik førebygging vil gje ein positiv helseeffekt, både fysisk og ikkje minst psykisk. Det vil hjelpe folk raskare tilbake i jobb, seier Huitfeldt til VG.

Ho meiner dette kan bli ein del av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen sine velferdskontraktar, kor den ledige også forpliktar seg til å trene. Den statssubsidierte treninga bør ifølgje Huitfeldt føregå på dagtid.

- Dei fleste treningssentra har mykje ledig kapasitet frå 9 til 15 på kvardagar. Eg trur sentra er villige til å gje rimelege avtaler for arbeidsledige på dagtid, seier ho.

Ho vil ikkje at staten skal dekkje heile treningsavgifta.

- Nei, eg trur vi må ha ein liten eigenandel, og så må det sjølvsagt vere frivillig. Dette skal vere lystbetont, ikkje tvungen gymtime, seier ho. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving