Meny

Lyden av ein kjeks

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Korleis høyrest ein kjeks ut? Knasande sprø, sjølvsagt. Kjekslyden høyrer vi ikkje med øyrene, men med munnen.

Flaggermusa kan høyre kjeksen knase, men ho er ikkje nokon utprega kjeksetar. (Foto: bat.ru)Flaggermusa kan høyre kjeksen knase, men ho er ikkje nokon utprega kjeksetar. (Foto: bat.ru)

Når du et ein kjeks eller eit knekkebrød, reagerer munnen på dei kraftige knaselydane, og sender eit signal til hjernen som seier: - Mmmmmmmmm, knasande sprøtt!


Heldigvis


Lyden av knekkebrød som knasar mellom tennene er svært høg. Lydane ligg over dei frekvensane øyra våre kan oppfatte, og heldigvis for det. Dei er nemleg så høge at viss vi hadde høyrt dei, hadde dei skada hørselen vår.

Flaggermus kan høyre knekkebrødlydane, men dei et vanlegvis ikkje særleg mykje knekkebrød.


Flaggermus-mikrofon


Heldigvis høyrer vi ikkje denne. (Foto: classes.uleth.ca)Heldigvis høyrer vi ikkje denne. (Foto: classes.uleth.ca)

Forskaren Malcolm Povey frå universitetet i Leeds i England har brukt ein såkalla flaggermus-mikrofon til å registrere ultra-knasinga frå kjeks. Desse lydane høyrer vi altså ikkje med øyrene, men vi høyrer dei med munnen!


Vi høyrer med munnen


Povey har funne ut at munnen registrerer lydpulsane og omset dei til ei kjensle av noko knasande kjekt og sprøtt. Ved å studere lydopptak frå kjeks, meiner han å vere i stand til å forutsjå kva smakstestarar vil meine om ein ny kjeks.

Povey meiner at denne forskinga kan få noko å seie også utanfor matvareindustrien. Slike målingar kan også brukast for å analysere kva som skjer når til dømes ein flyvinge går i to, meiner han.

Kjelde:

Forskning.no



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus