Meny

Kan finne etternamn gjennom DNA

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Har du høyrt historiene om korleis kriminelle har det med å heite Ronny, Raymond og Steffen, vert du kanskje ikkje overraska over at kriminelle også kan vere tilbøyelege til å ha like etternamn.

Det hersens y-kromosomet, det er det som har skulda. (Foto: zagarilaw.com)Det hersens y-kromosomet, det er det som har skulda. (Foto: zagarilaw.com)

Ei ny studie har sett på korleis ein kan bruke DNA-materiale for å sjå på korleis y-kromosomet og etternamn kan samanfalle. Y-kromosomet er ei samling genmateriale som berre finst hjå menn.

Leitar etter fellestrekk


Poenget med dette studiet var altså å sjå om alle som heiter Smith, Jones, Blair og Bush har noko meir til felles enn etternamna sine. Resultatet var at ein kan finne likskapar i y-kromosoma til t.d. mange som heiter Bush, fortel rapporten frå University of Leicester i England. Spørsmålet blir så sjølvsagt korleis ein kan bruke denne informasjonen.

Slik ser DNA-molekylet ut. Eit særdeles nyttig verktøy i mange samanhengar. (Foto: linnaeus.uu.se)Slik ser DNA-molekylet ut. Eit særdeles nyttig verktøy i mange samanhengar. (Foto: linnaeus.uu.se)

Eit verktøy


Dr. Mark Jobling er ein av dei som har jobba med dette studiet, og han seier til BBC News at viss ein finn DNA på t.d. eit mordoffer, og kan identifisere y-kromosom frå DNA'et, så har ein sjølvsagt ikkje namnet på gjerningsmannen for det.
- Det ein har, er ein reiskap for å avgrense talet på mistenkte.

Ikkje kvinner


Så tenk deg då at du er politi, du har DNA frå gjerningsmannen, og du vil begynne å sirkle inn gjerningsmannen. Korleis kan du bruke denne nye kunnskapen?

Vel, for det første må gjerningsmannen vere nettopp ein mann, elles er du lite hjelpt med DNA/etternamnkunnskapen. Dessutan må gjerningsmannen allereie vere i eit DNA-register, elles har du ikkje noko samanlikningsgrunnlag. Og så bør gjerningsmannen ikkje ha eit typisk etternamn som Smith eller Jones, for då får du for mange mistenkte att. Hm, dette var det ikkje mykje hjelp i likevel. Eller?

Y-kromosomet er det litle til høgre. Det er det berre menn som har. (Foto: fig.cox.miami.edu)Y-kromosomet er det litle til høgre. Det er det berre menn som har. (Foto: fig.cox.miami.edu)


Sjeldne namn meir utsett


Forskingsgruppa gjorde ein test med 150 menn som sjølve melde seg til teneste og som hadde typiske engelske etternamn. Føremålet var å samanlikne y-kromosoma deira. Berre nokre få av desse 150 var i slekt på eit eller anna vis.

Testen synte at menn med same etternamn hadde forbausande like y-kromosom.

Vidare sa testen at sjansen for likskap var slik: Di sjeldnare etternamn, di større sjans for at y-kromosoma var like.

- We have a match!


Viss du no tar på deg politihatten att, så kan du altså tenkje deg at ein

Kanskje det blir lettare å vere Clark og Sipowicz frå no av? (Foto: nypdblue.org)Kanskje det blir lettare å vere Clark og Sipowicz frå no av? (Foto: nypdblue.org)

database med mange tusen menn sitt DNA og etternamn kan hjelpe deg å finne ut at gjerningsmannen truleg ikkje heiter Smith eller Jones, eller Olsen eller Hansen for den del, så dei kan du berre stryke frå lista di over mulege gjerningsmenn.

Namnet mitt, Tobekk, derimot, er eit litt mindre vanleg etternamn. Finn du det både på lista di og får treff i DNA-registeret, er det berre å kalle inn til avhør. Men meg får du ikkje, for eg er kvinne, og då gjeld altså ikkje alt dette. Akk ja, det er ikkje lett å vere politi.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus