Rusrekord på vegane i fjor

Artikkelen fortsetter under annonsen

Grunna mistanke om ruskøyring fekk 3.868 bilistar inndrege førarkortet sitt i fjor. Det er 300 fleire enn året før, og rekord sidan promillegrensa vart redusert frå 0,5 til 0,2 i 2001.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, Nynorsk pressekontor

Det er ein auke i talet på ruskøyrarar på vegane våre. (Foto: Arne Olav L. Hageberg, NPK)Det er ein auke i talet på ruskøyrarar på vegane våre. (Foto: Arne Olav L. Hageberg, NPK)

Det er også mange fleire som vert pågripne grunna mistanke om ruskøyring. Talet har auka frå 5.624 i 2004 til 5.939 i fjor, melder Trygg Trafikk.

Ei gransking av dødsulukker med berre ein bil innblanda i 2001 og 2002, viste at rusmiddel var ein medverkande årsak i to av tre dødsulukker. Det kan vere ei blanding av alkohol og piller, men også ulike typar ulovlege narkotiske stoff eller sterke lækjemiddel.

Spyttest


I dag brukar politiet utandingsprøvar for å avsløre promillekøyrarar. Målet er å finne ein tilsvarande snøggtest for andre rusmiddel, ein såkalla spyttestar.
- Så langt har vi ikkje funne ein test som er effektiv og rask nok. Uansett er politiet i Noreg blant dei beste i verda til å kontrollere og førebyggje ruskøyring. Det vert avslørt mange russjåførar trass i mangelen på ein slik snøggtest, seier avdelingsdirektør Asbjørg Christophersen ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Det vert framleis prøvd ut ulike spyttestar. I løpet av våren og sommaren vil sjåførar enkelte stader i landet få prøve dei ut, i samband med ei ny gransking om ruskøyring. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving