Pasientane vil gjerne lese legenotatet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei undersøking blant åtte allmennlegar synte at eit fleirtal av pasientane gjerne vil lese det som blir journalført om dei etter legebesøket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cancer.gov)(Foto: cancer.gov)

(NPK): Dei 181 pasientane som deltok i studien vart spurde om dei ønska kopi av journalnotatet etter konsultasjonen. 70 prosent uttrykte ønskje om det.

Av desse sa 94 prosent at notata var dekkjande for det dei kom for, 83 prosent at det var nyttig å lese det legen hadde skrive, og 76 prosent at dette burde vere vanleg i allmennpraksis.

Undersøkinga tyder også på at notata blir betre når legane tenkjer på at pasientane skal lese det etterpå, skriv Tidsskrift for Den norske lægeforening. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving