Ikkje likestilling i nyheitene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner utgjer 52 prosent av folket i verda, men er likevel hovudpersonar i berre 21 prosent av nyheitssakene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

(Foto: home.online.no)(Foto: home.online.no)


Det er World Association of Christian Women (WACC) som har skaffa fram desse tala etter verdsomspennande undersøkingar, der ein såg på nyheitsdekkinga i 76 land i løpet av ein dag; den 16. februar.

Men det finst stadig fleire kvinner bak kameraet, det vil seia 37 prosent i 2005 mot 31 prosent i 2000, og det er positivt. Anna Turley i WACC peikar på at kvinner i større grad vel andre kvinner som hovudpersonar i nyheitssaker, slik at det også kan vera eit håp om fleire kvinner framfor kamera.

Gladsaker

Men Turley konstaterer at når kvinner opptrer i nyheitene, er det ofte i såkalla «happy endings»-saker som skal verke oppmuntrande på sjåarane.

- Kvinner er mindre synlege i saker om politikk og økonomi, som trass i alt er hovudsakene i nyheitsagendaen, seier Turley. Ho er skeptisk til talet på kvinnelege nyheitsreporterar på heile 58 prosent, fordi dette stort sett er kvinner under 35 år. Ho meiner at det har med utsjånaden å gjera.

- Interessant nok ser vi få kvinner over 35, men mange menn. Det tyder på at alder og utsjånad er eit kriterium når det gjeld kvinner, men ikkje menn, seier Turley.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Endå dårlegare på trykk

Turley opplyser at trykte medium ligg endå lenger bak når det gjeld likestilling. Der er berre 29 prosent av kvinnene hovudfokuset i nyheitsbiletet.

Ho understrekar at undersøkinga er gjort i urbane strok, og at kvinner på landsbygda truleg har endå meir å ta att før det nærmar seg likestilling. Det er Familie & Medier som omtalar undersøkinga.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving