16 avbemanna fyr selt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kystverket har selt 16 av dei i alt 21 fyreigedommane som var planlagt selde i 2005.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Kystverket)(Foto: Kystverket)

(NPK): Dei fem eigedommane som står att skal seljast i løpet av 2006. Det er likevel ingen grunn til å håpe på billeg hytte ved sjøen.

Kystverket hadde nemleg stor pågang av private kjøparar då avhendingsprosjektet vart kjent i fjor, men berre ein av eigedommane, Sula fyrstasjon i Sør-Trøndelag, er selt privat på den opne marknaden. Litløy fyrstasjon i Nordland vil bli selt på liknande vis. Ingen av desse skal likevel nyttast som fritidsbustad, men skal drivast som besøks- og overnattingsstader som er opne for alle. Sula fyr vart selt til Stiftelsen Sula fyr.

Staten, kommunar og fylkeskommunar står uansett først i køen. Tre av eigedommane er overført til staten og skal forvaltast som friluftsområde. Ein er selt til ein fylkeskommune, medan resten er selt til kommunar. Heile vegen har omsynet til allmenne interesser vore sett i høgsetet, ved sidan av Kystverkets interesser når det gjeld noverande og framtidige behov for navigasjonsinstallasjonar. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving