Meny

Frå sigarettar til snus

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Salet av snus i Noreg auka med 16 prosent i fjor. Det er no over 300.000 snusarar her i landet.

(Foto: rakuten.co)(Foto: rakuten.co)

(NPK): Over halvparten av dei som snusar kvar dag, er tidlegare røykjarar.
Dette går fram av tal frå snusfirmaet Swedish Match og Markeds- og Mediainstituttet (MMI).

Salet av snus i Noreg stoggar på 15,8 millionar boksar i 2005, ein auke på 16 prosent samanlikna med året før. I tillegg kjem salet til nordmenn via taxfree med om lag seks millionar boksar og grensehandelen med Sverige var på om lag 6,6 millionar boksar.

Det er om lag 305.000 snusbrukarar i Noreg, der om lag 162.000 snusar dagleg. Gjennomsnittsalderen er 39 år.

Talet på kvinner som snusar har auka til om lag 39.000, der vel 9.000 av dei snusar kvar dag.

Av dei som snusar dagleg, er 51,5 prosent tidlegare røykjarar. Berre 1,5 prosent har gått frå snusing til dagleg røyking.
Personar som snusar har høgare utdanning og inntekt samanlikna med røykjarar og totalbefolkninga. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus