Fullt hus under OL

Sjømannskyrkja i Pragelato i Italia har vorte ein populær møtestad for norske OL-turistar. Både kongen og kronprinsen har vore innom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sjømannsprest Geir Holberg inviterte Kong Harald til kirkekaffe på Sjømannskirken i Pragelato. (Foto: Sjømannskyrkja)Sjømannsprest Geir Holberg inviterte Kong Harald til kirkekaffe på Sjømannskirken i Pragelato. (Foto: Sjømannskyrkja)

- Pågangen har dei siste dagane vore over all forventning. Over 200 tilreisande nordmenn er innom kvar dag.

OL-kyrkjelyd


- Fleire er gjengangarar og vi har etter kvart fått ein liten OL-kyrkjelyd av dei som tidlegare vitja oss under OL i Nagano og Salt Lake City, fortel generalsekretær Kjell Bertel Nyland på nettsidene til Sjømannskyrkja.

Suppe, vaflar og NRK på storskjerm står på menyen for sjømannskyrkja kvar dag mellom 10 og 22. Forutan OL-turistar er også kyrkja ein treffstad for utøvarfamiliar og journalistar.

Kongen på gudsteneste


Også dei kongelege sportsinteresserte har vore innom kyrkja for å søkje trøyst og samkvem med landsmenn.

Vel 400 mennesker fylte kyrkja då Kong Harald deltok på Sjømannskyrkja si OL-gudstjeneste i Pragelato førre søndag kveld.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og vaflar i Sjømannskyrkja i Pragelato. Kong Harald tok seg god tid til å helse på dei vel 200 nordmenn og italienarar som fylte sjømannskyrkja til trengsel søndag kveld.

Kronprinsen søkte trøyst


Kronprinsen koste seg med kaffi og vaflar. (Foto: Inge Mørland, Sjømannskyrkja)Kronprinsen koste seg med kaffi og vaflar. (Foto: Inge Mørland, Sjømannskyrkja)

Fredag føremiddag kom Kronprins Haakon på eit overraskingsbesøk til sjømannskyrkja i Pragelato.

Saman med 200 nordmenn som hadde vore på langrennstadion, trøysta kronprinsen seg med ertesuppe, vaflar og kaffi. OL-kyrkja var fyllt til trengsel og mange fekk ikkje plass.

For 10. gong


Dette er 10. året at Sjømannskyrkja har eiga OL-kyrkje. Første gong var under OL i Atlanta i 1996, men allereie på 60-talet var sjømannsprestar til stades under OL-arrangement.

Dette er derimot første gong organisasjonen har sjømannskyrkje i dei italienske alpane.

Kong Harald, som i dag fyller 69 år, er sjømannskyrkja si høgaste verje.

Kjelder:

Sjømannskyrkja

og Nynorsk Pressekontor.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy