Råd ved kontakt med villfugl

Artikkelen fortsetter under annonsen

Styresmaktene slår fast at fugleinfluensaen truleg også kjem til Noreg, etter at sjukdommen har nådd fleire europeiske land

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: bonjourquebec.com)(Foto: bonjourquebec.com)

(NPK): Sosial- og helsedirektoratet har dermed fått utarbeidd ein del råd om kontakt med villfugl i samarbeid med Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Det blir understreka at fugleinfluensaen er ein dyresjukdom, som svært sjeldan smittar menneske.

Men råda går ut på ikkje å ta på døde eller sjuke fuglar, og vaske hendene godt dersom ein skulle koma i skade for å gjera det. Dersom ein finn døde fuglar innafor eit avgrensa område, skal ein melde frå til Mattilsynet på telefon 06040 så raskt som mogleg. Barn skal oppmodast om å unngå kontakt med sjuke og døde fuglar og fugleskit. Ved mating av villfugl bør ein unngå direkte kontakt med dyra, og vaske hendene godt etter handtering av fuglebrett, frøautomatar og liknande.

Mattilsynet vil gjera det kjent dersom viruset H5N1 blir oppdaga på fugl i Noreg, og kva område som eventuelt blir ramma. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving