Vatikanet drøftar mottiltak mot homo-ekteskap
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Roma (NTB-AFP): Både amerikanske og spanske teologar og juristar deltek i møtet, som er organisert av Johannes Paul II-instituttet for studium av ekteskap og familie.
Seminaret er eit uttrykk for den katolske kyrkja si veksande bekymring over
at stadig fleire land legaliserer homofile eller lesbiske ekteskap, noko pave Benedikt XVI beskriv som ein «alvorleg feil».
Også eit tradisjonelt sterkt katolsk land som Spania har vedteke slike lovar.
- Dei homofile si rørsle utgjer ei mektig kulturell pressgruppe som spreier seg raskt i intellektuelle og andre leiande sirklar. Rørsla sitt mål er å øydeleggje ein bestemt grunnidé om familien, seier president for instituttet, monsignor Livio Melina, til den italienske avisa La Repubblica. (©NTB)