Best å sove på det

Artikkelen fortsetter under annonsen

Store avgjerder bør overlatast til den umedvitne delen av hjernen - eller «magekjensla» om du vil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gfilmfest.com)(Foto: gfilmfest.com)

(NPK): Overdrive tenking på eit problem kan føre til dyrkjøpte mistak, viser forsking som er gjort ved universitetet i Amsterdam i Nederland.

Søv ein på store avgjerder, som å kjøpe bil eller bustad, er sjansane større for å få eit resultat ein er nøgd med over tid. Medvitet eignar seg best til enklare avgjerder.

Årsaka er at den umedvitne delen av hjernen betre kan vurdere totalbiletet av all tilgjengeleg informasjon og kome ut med eit resultat som er tilfredsstillande.

Det skal i alle fall vere tilfelle når det gjeld kjøpsavgjerder av ulike slag, som var det forskarane undersøkte, skriv New Scientist. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving