Meir kunnskap om isbjørn og oljesøl

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med aukande oljeaktivitet i nordområda er det viktig å forstå korleis eit eventuelt oljeutslepp vil påverke isbjørn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: fn.hu)(Foto: fn.hu)

(NPK): Forskarar ved Norsk Polarinstitutt skal derfor finne ut kor mykje tid isbjørn brukar i vatn, og dermed kor stor eksponering den vil ha mot oljesøl.

Olje set seg i pelsen til isbjørnen og skapar problem for isolasjonsevna. Isbjørn vil også freiste å vaske av oljesølet ved å sleikje seg rein. Det kan føre til forgifting og død.

For å kartleggje kor mykje tid isbjørn oppheld seg i vatn skal forskar Jon Aars ved Polarinstituttet ta i bruk ein radiosendar. Den vil gi frå seg signal når den vert seinka i saltvatn.

Slik vil ein kunne finne ut når isbjørnen er i vatnet og når den er på land. På Svalbard skal ti hobjørnar få kvar sin sendar rundt halsen og dei første forsøka startar i april.
Prosjektet er delfinansiert av Statoil. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving