Overvaka av kjærasten

Er det greitt å nettflørte med andre sjølv om ein har kjærast? Han får jo ikkje vite om det? Jaudå, det får han, viss han vil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Har du noko å skjule? Det er ikkje sikkert du får ha det for deg sjølv.Har du noko å skjule? Det er ikkje sikkert du får ha det for deg sjølv.

Det er mykje ein kan gjere på nettet. Fleire og fleire av oss lever meir og meir av livet på nett. Vi går i banken, handlar, lærer og utviklar oss, seier det vi meiner, held kontakt med familien, og... møter nye folk.

Hemmeleg og ufarleg?


Nettflørt kan vere spanande og uforpliktande. Og det er jo ingen som seier at ein ikkje kan ha noko «virtuelt» på gong med ein artig fyr ein har møtt på nettet, samstundes som ein har eit heilt vanleg forhold i den «verkelege» verda? Er det umoralsk å vere utru på nettet? Kor går grensa?

Ver ærleg


For å seie det slik, så er det i alle fall kanskje best å vere ærleg mot kjærasten og seie kva du driv på med. For han kan finne det ut viss han vil. Det finst nemleg eit program som kan avsløre deg.

PC Pandora heiter programmet som registrerer kva du gjer der du sit foran pc-en og later som om du gjer noko viktig som har med rekneskap eller banken å gjere.

Får med seg alt


Programmet registrerer og kopierer kvart einaste tastetrykk du gjer, og lagrar alle nettadressene du har vore innom. Vidare blir det teke snapshots av chatterom du er inni, e-postar du sender, msn-meldingar og kva program du opnar.

At tastetrykka blir registrerte, betyr at han kan finne ut passorda dine til diverse kontoar og stader han er interessert i å vite meir om.

Fjernstyrt


Du kan ikkje finne ut om programmet er installert på pc-en din, og kjærasten kan overvåke aktiviteten din frå sin pc ein heilt anna plass.

Kven er verst?


«Wææææh!» Seier du kanskje no. Eller, viss du er den mistenksomme: «Jippi, no skal eg ta ho!»

Men det kan jo hende at det er noko gale med forholdet i utgangspunktet viss ein føler at ein har grunn til å spionere på kvarandre? Kanskje det er like alvorleg å overvake kjærasten sin, som å vere utru? Viss du ER utru, er de då kvitt når han finn det ut.

Og viss du verkeleg berre holdt på med rekneskap, eller kjøpte ei fin gåve til han, så får han berre håpe at du ikkje oppdagar at han ikkje stolar på deg.

Avsløre pedofile


PC Pandora kan, for ordens skyld, også brukast til å finne ut kva tilsette brukar arbeidstida si på, og om ungane har kontakt med pedofile på nettet. Om det er moralsk forsvarleg, og lovleg, er ei anna sak.

Kjelder:

IT-avisen

,

urban.dk

og

pcpandora.com



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy