Helsetilsynet kritisk til legevaktene
(NPK): Status så langt er tolv rapportar med til saman tolv avvik og 22 merknader. Dette er ikkje tilsynet nøgd med.
Eitt av døma er legevakta i Os kommune i Hordaland. Der har personellet som har ansvar for legevaktsentralen også ansvar for andre viktige oppgåver i tilknyting til behandling og pleie av til dels alvorleg sjuke og døande pasientar på sjukeheimen.
Legevakta i Samnanger kommune i Hordaland har vore ubemanna fleire gonger, og får kritikk for det. Farsund kommune har ikkje legevakt på kveldstid og i helgar. Sørfold kommune i Nordland har ikkje eit fast legevaktsnummer som er betjent hele døgnet. For å nemne nokre døme.
Ønskjer interkommunale løysingar
25 år etter at kommunane overtok ansvaret for å drive legevakttelefonar, konkluderer leiaren Jan Emil Kristoffersen i Allment praktiserande lægers foreining med at det framleis er mykje som manglar.
- Fordi mange små kommunar slit med å få legevakta til å fungere, har Legeforeningen foreslått at det blir etablert legevakter på tvers av kommunegrensene, seier Kristoffersen til Avisenes Nyheitsbyrå (ANB).
Direktør Bjørn Gudbjørgsrud i Kommunenes Sentralforbund meiner at det største problemet er mangel på personell, og hevdar at legevaktene i store trekk fungerer godt. (NPK)