Olav Stedje er tilbake!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olav Stedje, den første og kanskje største nynorske popstjerna i historia, gjer comeback saman med ein ung og talentfull rappar frå Sogn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olav Stedje, også kjend for den imponerande barten, er tilbake. (Foto: svelgen.no)Olav Stedje, også kjend for den imponerande barten, er tilbake. (Foto: svelgen.no)

Rappar og låtskrivar Knut «Spunky» Brekken frå Ikjefjorden i Ytre Sogn debuterer som plateartist med singelen «Venner» (Vi vandrar saman). «Vi vandrar saman» blei Olav Stedje sitt store gjennombrot som artist då den kom i 1981.

Nynorsk rapp


Låten blei i si tid skrive av Svein Dag Hauge frå «Lava». Spunky, som berre er 21 år, fekk vite at produsent-duoen Agen'da var interessert i å kome i kontakt med ein som rappa på nynorsk. Den unge rapparen tok kontakt, og dermed var samarbeidet i gong.

To nye vers


Spunky har skrive to nye vers til «Vi vandrar saman», som han sjølv rappar, medan Olav Stedje syng refrenget. Det er plateselskapet Tylden & co som gir ut singelen, som blei sleppt tysdag 14. februar.

Olav Stedje jobbar også med nyskrive materiale til ei soloplate som blir gitt ut til hausten.


Kjelde: Avisa Ytre Sogn.


Les meir i Neste Klikk:


  • Her kan du lese om ei bok der ein av hovudpersonane er svært oppteken av Olav Stedje.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving