Strengare reglar for fyrverkeri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan bli forbode å selje fyrverkeri i kjøpesenter, bensinstasjonar og lokale der det er bustader i same bygning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Oppbevaring og handtering av fyrverkeri i store butikksenter med lange avstandar til næraste utgang kan vere ein tryggleiksrisiko, seier avdelingsleiar Siri Hagehaugen i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DBS).

For å redusere behovet for stadig påfyll av varer i lokala og ulovleg lagring, ønskjer DBS at butikkane som har løyve til handel får høve til å ha større mengder eksplosiv enn tidlegare. Men det er eit krav at lokala er eigna til det.

DSB gjer framlegg om at kommunane kan innføre gebyr for handsaming av søknader om løyve til handel med fyrverkeri. Det vil auke dei ressursane brannvesenet har til å handsame søknader og gjennomføre tilsyn med utsalsstadene. Gebyra vil også redusere innslaget av useriøse aktørar.

Forslaga til strengare reglar for handel med fyrverkeri er sende ut på høyring. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving