Arbeid viktig middel mot depresjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeid er eit viktig middel mot depresjon, meiner dei danske spesiallegane Jesper Karle og Lars Aakerlund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: mindline.org.uk)(Foto: mindline.org.uk)

(NPK): I eit nytt behandlingsopplegg i samarbeid med Depressionsforeningen skal dei dokumentere dette.

Dei to har behandla omkring 800 pasientar i Psykiatrisk Privatklinikk, og med ei statleg løyving skal dei systematisere røynslene og samle den kunnskapen som finst når det gjeld å halde folk med depresjon på arbeidsmarknaden.

- Vi kan sjå på behandlingsresultata våre at til før ein person kjem i behandling, til kortare er sjukmeldinga. Ein stor del av pasientane våre har stått i fare for å bli sjukmelde, men det er det viktig for oss å hindre fordi det er del av kuren at medarbeidarane held oppe eit så høgt aktivitetsnivå som mogleg. Det kan til dømes ordnast ved ei delvis sjukmelding eller ei fleksible tilrettelegging av arbeidet, seier Lars Aakerlund til danske Dagens Medisin. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving