Cheney hadde ikkje jaktløyve

Artikkelen fortsetter under annonsen

Visepresident i USA, Dick Cheney, hadde ikkje papira i orden då han la ut på fuglejakt og skaut ein 78 år gammal jaktkamerat i helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: vicepresidents.com)(Foto: vicepresidents.com)

Washington (NTB-AFP): Jaktmyndigheitene i Texas har gjort Cheney merksam på at han mangla ei naudsynt tillating til å jakte vaktlar då skytinga fann stad.

Cheney vil få ei åtvaring, men ikkje noko bot eller anna straff for overtredinga, opplyser visepresidenten sitt kontor.

Avsløringa kjem truleg til å styrkje hylekoret mot Cheney etter at han ved eit uhell skaut advokaten Harry Whittington laurdag. Det kvite hus blir sterkt kritisert for at det gjekk ein heil dag før det offentlege blei gjort merksam på jaktuhellet.

Det var heller ikkje Det kvite hus som offentleggjorde hendinga, men rancheigar Katharine Armstrong. Armstrong, som eig området der uhellet fann stad, uttalte seg til den lokale avisa Corpus Christi Caller-Times, etter at avisa hadde motteke eit tips.

Det kvite hus insisterer på at den seine offentleggjeringa eine og aleine skuldast at ein konsentrerte seg om Whittingtons helse. Det vert også understreka at Det kvite hus ønska å få klarheit i hendingsforløpet før dei uttalte seg til media.

Etterforskinga ved det lokale politiet bekreftar at Cheney kasta seg rundt i jaktiveren og trefte Whittington ved eit uhell. Det skal ikkje ha vore alkohol eller anna kritikkverdig oppførsel med i biletet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving