Aleine på Valentins dag

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag vert kjærleiken via ekstra merksemd. Butikkane gnir seg i hendene, nokre folk får bekrefta kor forelska dei er, og andre får bekrefta einsamheita si.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gi rosene til deg sjølv du, og eventuelt etterpå til dei du tilfeldigvis treff på vegen. (Foto: stanford.edu)Gi rosene til deg sjølv du, og eventuelt etterpå til dei du tilfeldigvis treff på vegen. (Foto: stanford.edu)

I dag er det altså Valentin sin dag. Kjærleiksdagen, den romantiske dagen, forelskinga sin store fest.

Heldigvis, vil nokon seie, er ikkje dagen så påtrengande i Noreg at ein føler seg heilt mislukka viss ein ikkje har kjærast akkurat i dag.

Det er ikkje alle som veit at dagen eksisterer eingong. Har ein kjærast, kan det jo også bli litt vanskeleg.

Veit han/ ho at det er i dag du gjerne vil ha litt ekstra merksemd?


Sjølv om du ikkje har kjærast, kan du likevel gjere noko utav dagen. Kjærleiken er jo mangfoldig, og har fortent ei feiring. Nettstaden

eHow

har tips også for denne situasjonen. Oppskrifta er denne:

1.

Send roser til deg sjølv på jobben, og bli overraska når dei kjem. Nyt å ha rosene på skrivebordet ditt heile dagen, og del dei ut til framande på vegen heim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

2.

Unn deg sjølv ei gåve som viser at du sett pris på deg. Massasje, badeolje, medlemskap på treningsstudio, ein god lunch, eller ein ny potteplante.

3.

Invitér ein anna singel person på middag, og ver den perfekte verten/ vertinna. Server østers, noko med kvitlauk og, sjølvsagt, champagne.

4.

Ring foreldra dine. Fortel dei at du er glad i dei, eller i det minste at du tenkjer på dei. Ikkje nemn at trur dei er rota til kjærleiksproblema dine, som altså gjer at du er aleine på valentinsdagen. Det kan du seie ein anna dag, eller til psykologen din.

5.

Gå på valentinsfest, «lonely hearts»-fest, eller noko anna sosialt. Særleg viss du er misnøgd med singellivet. Kanskje du finn ein du kan

Casablanca, den mest romantiske filmen nokosinne? (Foto: filmtotaal.nl)Casablanca, den mest romantiske filmen nokosinne? (Foto: filmtotaal.nl)

sende romantiske lappar til neste år?

6.

Viss du er nøgd med singellivet, eller viss det ikkje skjer noko spesielt du kan tenkje deg å vere med på, kan du ha ein romantisk heimekveld heilt aleine.

Sjå ein romantisk film, for eksempel «Casablanca» eller «Notting Hill», lag yndlingsretten din, og skriv ned dei ti viktigste grunnane til at nettopp du er så utroleg fantastisk/ sexy/ elskverdig.

Ha ein fin valentins-dag!


Les meir på nettet:

  • Her

    finn du bokmåls-Neste Klikk sine råd for ein romantisk dag.

ABC Startsida:




Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving