- Fleksibelt arbeid må lovregulerast

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye fridommen som mange har i arbeidslivet, har skapt behov for å lovregulere fleksible arbeidsordningar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det meiner seniorforskar Solveig Gaupset ved SINTEF som arbeider med arbeidslivsprosjektet «Modne arbeidstakarar» på oppdrag for NHO.

Med stor fridom i arbeidet, arbeider mange rett og slett meir enn det helsa toler. Når korkje arbeidsgjevaren eller arbeidstakaren er god til å setje grenser, kan fridommen føre til helseproblem. Medan lovverket i dag regulerer meir handfaste tilhøve ved arbeidet, meiner Solveig Gaupset det er behov for nye rammer for dei meir usynlege børene ved arbeidet.

- Vi treng eit vern både mot sosiale, tekniske og økonomiske system, og ikkje minst mot iveren hos kvar enkelt etter å prestere, seier Gaupset til forskingsbladet Gemini. Det er ikkje minst viktig om vi vil at folk skal kunne stå i arbeid også når dei blir eldre.

- Dagens arbeidstakarar er i for stor grad prisgjeve sin eigen forhandlingsstyrke. Vi ser difor eit aukande behov for kollektive grenser som sikrar både likebehandling og føreseielege tilhøve i arbeidslivet, seier Gaupset. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving