Hamas opnar for slutt på væpna kamp

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hamas er villige til å leggje ned våpna viss Israel lovar å trekkje seg tilbake frå all okkupert palestinsk jord.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: usip.org)(Foto: usip.org)

Moskva (NTB-AFP): - Viss Israel anerkjenner våre rettar og forpliktar seg til å trekkje seg tilbake frå alle okkuperte område, vil Hamas saman med det palestinske folket stanse all væpna motstand, seier rørsla sin politiske leiar, Khaled Meshaal til den russiske avisa Nezavisimaja Gazeta.

I tidlegare fråsegn har Meshaal begrensa seg til å seie at Hamas kunne gå med på ei langvarig våpenkvile viss Israel går med på å trekkje seg tilbake til 1967-grensene og godtek palestinarane si rett til å styre sjølv.

Meshaal sa også i intervjuet at Hamas ikkje føler seg forplikta til å respektere Veikartet for fred, ein internasjonal fredsplan for konflikten mellom Israel og palestinarane, sidan ingen andre ser ut til å respektere han.

Russlands president Vladimir Putin inviterte Hamas-leiarar til Moskva i førre veke. Hamas vann valet på ny lovgjevande forsamling i januar og skal danne palestinarane si neste regjering. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving