Haukeland med blodbank i Tanzania

Artikkelen fortsetter under annonsen

Haukeland universitetssjukehus skal etablere ein blodbank i Dodoma i Tanzania med midlar frå Norad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Blodbanken skal også fungere som eit nasjonalt opplæringssenter og er eit ledd i kampen mot hiv og aids.

Det eksisterer ikkje eit frivillig blodgjevarkorps i Tanzania i dag. Blodoverføringssystemet har så langt vore heilt avhengig av blod frå slektningane til pasientane. Noko som har ført til at sjukehusa stadig har mangel på blod.

- Mange menneske i Tanzania døyr unødvendig grunna mangel på blod. Ved å overføre kunnskapen vår, kan vi redde mange liv med små midlar, seier avdelingsoverlege Tor Hervig ved Blodbanken på Haukeland til Helse Bergen sine nettsider.

Blodbanken som no skal etablerast i Dodoma er del av eit større prosjekt med sju blodbankar over heile landet. Dei seks andre vert finansierte av USA. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving