- Magazinet har gjort størst urett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Styreleiar Kjell Olaf Jensen i Norsk PEN, norske skribentar sin ytringsfrisomdorganisasjon, meiner den kristne avisa Magazinet har gjort større urett enn Jyllands-Posten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Norsk PEN er lite opptatt av om norsk talefridom er blitt krenkt i samband med Muhammed-karikaturane. Jensen synest ikkje at Magazinet burde påberope seg ytringsfridomen i denne saka.

- Det er klart at Magazinet har juridisk rett til å krenkje 1,3 milliardar menneske. Men det gjer det ikkje meir moralsk aktverdig, seier Jensen til Aftenposten.

Ei rekkje norske forfattarar støttar Magazinet og har kritisert regjeringa som delvis har kome med unnskyldningar. Jensen støttar ikkje desse forfattarane.

- Generelt synest eg det er på sin plass å be om unnskyldning fordi ein har krenkt kjenslene til eit stort tal religiøse menneske. Hvis ein er idiot, har ein full rett til å bruke ytringsfridomen, men det gjer ikkje handlinga meir aktverdig. Samstundes gir ikkje publiseringa av desse teikningane høve til å angripe norske ambassadar og å gå til valdshandlingar, ei heller stikke ned norske muslimar, for den saks skuld, seier Jensen.

Han meiner Magazinets trykking av karikaturane står i eit anna lys enn Jyllands-Postens. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving