- Statlege bedrifter må ha fleire innvandrarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg vil påleggje direktørane i dei heileigde statlege verksemdene å kalle inn minimum ein kvalifisert person med innvandrarbakgrunn til intervju.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

(NPK): - Eg skal diskutere med dei om dei også vil forplikte seg til ei inkluderande utforming av stillingsannonsar, oppfordre personar med innvandrarbakgrunn til å søkje, og sikre at kvalifikasjonskrav vert utforma, slik at det vert søkt etter kompetanse, ikkje norsk utdanning, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Ministeren har kalla inn 32 direktørar i statlege verksemder til møte for å gjere tydeleg at regjeringa forventar at desse har ein aktiv rekrutteringspolitikk i forhold til personar med innvandrarbakgrunn.

Haldningar frå arbeidsgjevarar er ein barriere for mange innvandrarar i forhold til å bli kalla inn til intervju. Både det å ha eit namn og utsjånad som signaliserer at ein ikkje har norsk bakgrunn, kan gjere at ein vert sortert vekk av arbeidsgjevarar i konkurransen om jobbane.

- Vi har som langsiktig mål at like mange blant innvandrarbefolkninga skal vere i jobb som i heile befolkninga, seier Hanssen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving