Korleis hjelpe ei kvinne som plutseleg føder?

Hender det at du ikkje veit heilt korleis du skal ta fatt på ei oppgåve? Har du ønskt deg ei universalutgåve av «Gjør det selv»? Ho finst.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kysseteknikken din treng kanskje litt oppfrisking? eHow har fleire leksjonar om kyssing. (Foto: stevequayle.com)Kysseteknikken din treng kanskje litt oppfrisking? eHow har fleire leksjonar om kyssing. (Foto: stevequayle.com)

Korleis hjelpe til ved ein overraskande heimefødsel, for eksempel. Det kan jo vere kjekt å vite, gjerne før du står der. Noko å kikke innom for nervøse venninner og kjærastar til nokså gravide folk.

Ei utømmeleg kjelde


Det er jo som kjent ikkje grenser for kva vi kan lære på internettet. Det gjeld meir å lære seg å sortere informasjonen, å finne fram til den som verkeleg kan lære oss det vi er ute etter.

Nettstaden

eHow

er nettopp laga for å lære deg alt mogleg.

Der finn du oppskrifter på alt mellom himmel og jord, og sjølvsagt også ein heil del du ikkje ante at du lurte på før du finn det.

Sjøv om Bob Marley ikkje lenger er blant oss, finst det mange grunnar til å feire dagen hans. (Foto: tafaristudiohome.cwc.ne)Sjøv om Bob Marley ikkje lenger er blant oss, finst det mange grunnar til å feire dagen hans. (Foto: tafaristudiohome.cwc.ne)

Hurra for Bob


Eg fann nettstaden då eg leita etter noko om

Bob Marley

, som har bursdag denne veka.

Korleis feire bursdagen til Bob Marley

er ein artig artikkel, der alle reggaefans kan finne tips og dei andre kan få humra litt i skjegget.

Dagens «korleis» i

eHow

er

Korleis byrje å spele munnharpe

. Under denne overskrifta finn du ei trinn for trinn-beskriving av korleis du skal identifisere delane på munnharpa, setje ho mot munnen, bøye fingrane, prøve å spele, øve.

Du finn også tips til kva du skal gjere viss harpa skurrar mot tennene dine.

Kan nesten alt


Dette er ein slags universell

Gjør det selv

. Gratis er den og, i motsetnad til

Gjør det selv

, som berre hjelper deg med huslege gjeremål som å få trappa til å slutte å knirke. Viktig nok det, altså, men,

eHow

hjelper deg med (nesten) alt.

Skal me gifte oss eller ikkje? (Foto: thecia.com.a)Skal me gifte oss eller ikkje? (Foto: thecia.com.a)

Frå pc-avdelinga:

Korleis velje mellom stasjonær og bærbar pc.


Karriere-avdelinga:

Korleis få deg ein jobb

.


I krig og kjærleik...


Privatlivet er sjølvsagt ikkje gløymd. Her er det alltid mykje å lære:

korleis kjøpe parfyme som gåve,

korleis finne din ukjende beundrar

,

korleis fortelje han at du elskar han

,

korleis finne ut om du vil gifte deg med han

, og... ikkje fullt så artig kanskje, men viktig:

Korleis vite når det er slutt

.

Lista over ting ein kan lære her i livet, er endelaus. Og artig er det.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy