Oppfordrar palestinarane til å flagge

Den Palestinske Forening oppfordrar sine medlemer til å heise det norske flagget søndag for å ta avstand frå vald og vise respekt for Noreg og nordmenn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: ssnp.info)(Foto: ssnp.info)

Oslo (NTB): Den Palestinske Forening i Noreg oppfordrar no sine landsmenn her i landet til å flagge frå balkongkassar og flaggstenger søndag. Ved å heise det norske flagget ønskjer palestinarar i Noreg å understreke sitt gode vennskap med nordmenn.

- Det er også vårt flagg. Palestinarar i Noreg fordømmer truslane mot Noreg og nordmenn og andre europearar i dei okkuperte palestinske områda, Libanon og Syria. Vi fordømmer brenninga av den norske ambassaden og det norske flagget. Vi vil bevise at vi er mot vald og rasisme. Palestinarar har mykje å takke Noreg for, seier Nidal Hamad, leiar i Den Palestinske Forening i Norge, til Aftenposten.

Hamad håpar på oppslutning frå flest mogleg av dei rundt 4.000 palestinarane som er i Noreg. Han trur dialog er den einaste måten å løyse konflikten som har oppstått på.

På vegner av foreininga har han skrive brev til Hamas og palestinske organisasjonar om å roe gemyttane. Han ber dei beskytte nordmenn og norske interesser.

- Palestinarar der nede trur at norske magasin trykkjer dei krenkande teikningane gong på gong. Men i intervju med BBC og med ein palestinsk universitetsradio i Nablus har eg bede folk om å roe seg ned. Eg har sagt at vennskapen mellom Noreg og Palestina er viktig, og at vi fordømmer at dei har brent det norske flagget, seier Hamad. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus