Vindkraft til husbruk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mikrokraftverk er populært for tida. Men dersom du ikkje har din eigen bekk, kan gjerne din eigen turbin for vindkraft vera noko å tenkja på?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei små vindturbinane kan stå på taket og skaffa straum til ei hytte som ikkje er kopla på straumnettet. (foto: windside.com)Dei små vindturbinane kan stå på taket og skaffa straum til ei hytte som ikkje er kopla på straumnettet. (foto: windside.com)

Dei siste åra har mange grunneigarar bygd eigne vasskraftverk i bekkar og elvar, og dei får straum både til seg sjølve og til å selja vidare.

Men dette går naturleg nok berre dersom du eig fallrettar i vassdrag.

Lufta er for alle


Langt fleire av oss har tilgang til vind og frisk luft. Og dersom du vil fyra opp datamaskina og leselampa med rein vindkraft, finst det no fleire typar vindmøller til husbruk å få tak i.


Kjøp ferdig eller bygg sjølv


Windside-turbinane finst i mange utformingar. Denne installasjonen er i Oulu i Finland. (foto: windside.com)Windside-turbinane finst i mange utformingar. Denne installasjonen er i Oulu i Finland. (foto: windside.com)

Det nederlandske firmaet SET har lansert ein serie vindturbinar som dei meiner høver til enkelthusstandar og tettbygde strok.

Windside-turbinane kan stå i hagen eller på taket, og har form som eit slags smalt skovlhjul som snurrar rundt ein ståande akse.

Såleis tek dei langt mindre plass enn dei vanlegaste vindmøllene, som er forma som ein propell og kan vera fleire titals meter i tverrmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lydlause og effektive


Windside-turbinane skal også vera tilnærma lydlause, hevdar firmaet. I tillegg byrjar dei å sviva ved svært liten vindstyrke, og dei skal laga 50 prosent meir straum enn dei tradisjonelle propell-møllene.

Miljøpris


SET leverer vindturbinane i mange ulike storleikar. Dei minste leverer 20 watt når vinden bles med 10 meter i sekundet, men det finst også turbinar som leverer 400 eller heilt opp til 7500 watt ved same vindstyrken. Men i det siste tilfellet har nok turbinen vakse ut av hagen din.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kanhenda vindmølla kan kamuflerast som ein skulptur i hagen? (foto: windside.com)Kanhenda vindmølla kan kamuflerast som ein skulptur i hagen? (foto: windside.com)



Firmaet SET fekk i november 2005 den europeiske miljøprisen EEP for arbeidet med å få Windside-turbinane ut til folk flest.



Gjer det sjølv


Men for den nevenyttige går det også an å byggja seg eit lite vindkraftverk sjølv. Det finst fleire bøker å få tak i, og også kurs å gå på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I Wales ligg «Centre for alternative technology», som i fleire år har laga til kurs for folk som vil laga sine eigne vindmøller. Her er det propelltypen som er den vanlege.

Ikkje propell på taket


«Ute? Denne er då alt for fin til å stå ute…» (illustrasjon frå windside.com)«Ute? Denne er då alt for fin til å stå ute…» (illustrasjon frå windside.com)

Ein annan kjend vindmøllemakar er skotten Hugh Piggott, som har bygd vindmøller og halde kurs i mange år.

Han held seg også til propelltypen, og er skeptisk til at denne høver til dømes på hustak. Denne typen vindturbin er til vanleg montert frittståande på høge stolpar.

Batteri eller nett


Det er vanleg at små vindmøller leverer straum til ein batteripakke, slik at ein kan lagra straumen til ein treng han. Batteria kostar sjølsagt pengar, og ein taper noko effektivitet.

Denne husbåten i Amsterdam får straum frå si eiga vindmølle. (foto: windside.com)Denne husbåten i Amsterdam får straum frå si eiga vindmølle. (foto: windside.com)



Har du eit stort nok vindkraftverk med stabil produksjon kan du truleg få ein avtale med å selja krafta til det lokale kraftlaget, slik ein gjer frå vasskraftverk. I så fall kan du kjøpa attende frå nettet den straumen du treng sjølv, og unngå heile batteriproblemet.

Norsk forhandlar for Windside-turbinane er firmaet Windpower as i Oslo.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving