Hurra for samefolkets dag

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag er det samefolket sin dag. Det er ei feiring av samar og samisk kultur både i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag blir samefolkets dag feira over heile Nordkalotten.I dag blir samefolkets dag feira over heile Nordkalotten.

Samane sin «nasjonaldag» blir feira over heile Nordkalotten, av russiske, norske, svenske og finske samar. Sameflagget, som symboliserer blant anna trolltromma, solguden og dei samiske fargane, er også felles for alle samar.

Første gongen dagen blei feira var i 1993, samstundes med at FN sitt internasjonale urbefolkingsår blei offisielt opna i Karasjok.

Bakgrunnen for valet av dato var at det første samiske landsmøtet blei halde den 6. februar 1917 i Trondheim. Dette var første gongen i historia at nord- og sørsamar samla seg for å diskutere felles saker og problem.

Ei sterk kvinne


Elsa Laula Renberg var, ifølgje Sametinget, ein av dei største, om ikkje den største samepolitiske leiaren vi har hatt. Det var ho sto bak møtet i Trondheim i 1917 og den første samiske organiseringa både i Sverige og Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sametingspresident Aili Keskitalo. (Foto: Norske Samers Riksforbund)Sametingspresident Aili Keskitalo. (Foto: Norske Samers Riksforbund)

Samefolkets dag er sidan 2004 offisiell flaggdag i Noreg. I dag blir dagen feira med lokale markeringar mange stader på Nordkalotten.

Aili feirar i Kautokeino


Sametingspresident Aili Keskitalo feirar dagen i Kautokeino der ho deltar med tale på Samisk Høgskole på formiddagen og folkefesten på ettermiddagen.

Stortingspresident Thorbjørn Jagland med følgje er også tilstades under markeringa i Kautokeino.

Gratulerer med dagen!

Kjelder:



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving