Tre av ti negative til å trykkje Muhammed-teikningane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av ti spurte i ei meiningsmåling Opinion har gjort for Bergens Tidende, meiner at å trykkje teikningar av profeten Muhammed er å misbruke ytringsfridomen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bergen (NTB): 30,1 prosent av dei spurde er heilt eller delvis einige i at det å trykkje teikningane er å misbruke ytringsfridomen.

61,2 prosent meiner at det ikkje er å misbruke ytringsfridomen, medan 8,6 prosent ikkje tek stilling til saka.

- Det er ganske mange som meiner ytringsfridomen er misbrukt, men samstundes er eg forbausa over at det ikkje er fleire som meiner det, sett i lys av hendingane den siste tida, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening til Bergens Tidende.

SV-veljarane er mest kritiske til å trykkje Muhammed-teikningar. 41,6 prosent av dei meiner det er misbruk av ytringsfridomen. Frp-veljarane ligg i motsett ende av skalaen. 16,4 prosent av Frp-tilhengjarane meiner det er å misbruke ytringsfridomen.

Samtidig meiner sju av ti spurde at styresmaktene har handtert krisa på ein god måte. Halvparten meiner samstundes at Norge si rolle som fredsmeklar i Midtausten er blitt svekka. (©NTB)




Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving