Politikarane er like

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske politikarar har så mange fellestrekk at det ikkje er grunnlag for å hevde at kjønn er ein eigenskap som skil lokalpolitikarar frå kvarandre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto:sv.no/odin.dep.no)(Foto:sv.no/odin.dep.no)

(NPK): Det er av konklusjonane i ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionforsking.

Forskarane skulle sjå nærare på korleis ubalansen mellom menn og kvinner i norske kommunestyre kan forklarast, i kva grad kvinnelege lokalpolitikarar skil seg frå mannlege, og om fråfall knyter seg til kjønn.

Forskarane konkluderer med at politikarar første og fremst er politikarar, og at det ikkje går noko utprega skilje mellom dei.

Det kom heller ikkje fram noko mønster som tyder på at kvinner er meir tilbøyelege til å trekkje seg frå politikken enn menn, eller at politikken er betre tilpassa menn enn kvinner.

Konklusjonen er likevel ikkje at det er oppnådd likestilling i politikken. Analysen viser at rekrutteringa er svært skeivfordelt når det gjeld kjønn. Dette kan til ein viss grad ha med eigenskapar ved kommunane å gjera og oppslutninga om dei ulike partia og veljarretningar.

Spørsmålet er ikkje så mykje kvifor lokalpolitikken ikkje er meir attraktiv for kvinner, men kvifor dei lokale partia ikkje er meir attraktive for kvinner, heiter det i rapporten, som er utført på oppdrag av Barne- og likestillingsdepartementet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving