Vil ha opnare grense mellom Russland og Noreg
Kirkenes (NTB):
I fjor passerte 107.000 menneske Storskog grensestasjon mellom Noreg og Russland. Det er nokre færre enn i 2004, skriv Aftenposten.
Mange av russarane som besøkjer Kirkenes, vil handle. Men det er ikkje alltid så lett å få visum, blant anna krev norske styresmakter at russarar er inviterte av nordmenn for å få kome. Det same gjer russarane.
- Dagens reglar og system er dei største hindringane for betre økonomisk samarbeid, seier statssekretær Kjetil Skogrand (Ap) i Utenriksdepartementet.
70 prosent av dei 880.000 innbyggjarane i Murmansk-regionen kan tenkje seg å besøkje Kirkenes om visumreglane blei enklare, viser ei fersk meiningsmåling.
Skogrand seier at det er Regjeringa sitt mål å gjere grensepassering mellom Noreg og Russland like enkelt som det er ellers i Europa, men han er usikker på når det kan bli noko av. (©NTB)