- Au pair-ordninga fungerer

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utlendingsdirektoratet (UDI) har hatt ein gjennomgang av au pair-ordninga. Hovudkonklusjonen til direktoratet er at ordninga bør halde fram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: planetaupair.com)(Foto: planetaupair.com)

(NPK): - Ordninga fungerer i det vesentlege godt og fyller eit behov både for au pairar og vertsfamiliar, seier assisterande avdelingsdirektør Morten Hansen i UDI.

Direktoratet vil likevel setje i verk enkelte tiltak for å sikre føremålet med ordninga.

Ein standard au pair-kontrakt vert obligatorisk. Eit informasjonsskriv skal tydeleg peike på kva plikter og rettar au pairen og vertsfamilien har.

Vertsfamilien vert også pålagt å betale norskkurs for au pairen. Dette vil vere med å ansvarleggjere vertsfamilien. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving